Lokalavis for Åsane og omegn!
  • Påskehelsing: Salhus kyrkje har hengt opp ein påskehelsing til alle som besøkjer gravlunden, eller er på påskevandring, sidan kyrkja ikkje kan vere open i høgtida. (Foto: Daniela Mala)

  • Påskevandring i hagen: Eidsvåg kyrkje har laga til ei påskevanding med quiz i hagen, for alle som har lyst å prøve å løyse. (Foto er henta frå Facebooksida til Eidsvåg meinigheit med tillating)

  • Lag eige kors: Ei av oppgåvane i påskevandringa er å lage eit kors av det ein finn i naturen (eller heime). Meinighetspedagog, Elise Lindtner Sæle viser fram nokon kors andre allereie har laga og stilt ut saman med kyrkja sitt. (Foto: Daniela Mala)

Slik vert kyrkjepåska i Åsane

Ingen kyrkjer har lov å halde normale gudstenester i påska, men både Salhus, Eidsvåg og Åsane har vore kreative og planlagt alt frå digitale andakter, videoar og påskequiz til drive-in gudsteneste.

Åsane kyrkje 

— Det gjer vondt å ikkje kunne samlast i påska, nesten som eit fysisk sakn i kroppen, Sokneprest, Arne Mulen.  

Han meiner det ligg djupt i kyrkja sitt liv å samlast på dei store dagane. Han, og dei andre tilsette i kyrkja har derfor kome opp med litt alternative aktivitetar, i tillegg til at dei er tilgjengelege på telefon for dei som ynskjer å prate eller treng hjelp. 

— Vi har laga påskefilmar for barn i ulike aldrar, og for vaksne. I tillegg legg vi ut podcastar med forteljingar for barn og betraktningar for vaksne. 

Filmane og podcastane legg dei ut på heimesida og på Facebook.  

Fyrste påskedag inviterer dessutan kyrkja på drive-in påskegudsteneste på kvelden. 

— Då møtes på andre sida av altertavla kor vi skal rigge ein scene på parkeringsplassen føre kyrkja. Det vert ei enkel, men forhåpentlegvis fin gudsteneste. 

Eidsvåg kyrkje 

I Eidsvåg kyrkje filmar dei gudstenester som dei legg ut på heimesida og på Facebook.  

— På fyrste påskedag vert det full gudsteneste, medan skjærtorsdag og langfredag legg vi ut preiken og andakt, fortel sokneprest Aage Mjeldheim. 

— Så har vi laga ein påskevandring med quiz i hagen, som har vore veldig populær. 

Mjeldheim fortel at dei prøver å vere så tilgjengelege som mogleg, og svarar gjerne på telefon, anten nokon berre vil prate litt, eller treng hjelp med til dømes korleis ein skal finne tilbodet til kyrkja på internett. 

— Elles ringjer vi inn helga kvar laurdag kl. 17 – då ringjer vi i 10 minutt, for å symbolisere at kyrkja er her, og at vi ynskjer å vere her for alle og ber for alle som treng det, fortel Mjeldheim. 

Salhus kyrkje 

Også Salhus kyrkje har eit variert tilbod i påska.  

— Vi legg ut litt kvar dag på heimesida vår og på Facebook, anten det er ei andakt, salme, påskequiz eller ein film vi har laga, fortel sokneprest Hanne Ølberg. 

— Så har vi matsentralen som normalt, men der diakon Helen Toppe har lagt påskeegg i kassane, og vi er tilgjengelege på telefon om nokon treng ein prat eller treng hjelp med noko. 

I tillegg til det digitale tilbodet, har meinigheitspedagog, Elise Lindtner Sæle, satt opp ein påskevandring ei venninne har laga til kyrkja. 

— Vandringa består av fem postar spreidd rundt kyrkja, der kvar post har nokon påskerelaterte spørsmål og ei praktisk oppgåve deltakarane kan løyse her, eller heime. Dei som vil, kan sende inn svara sine og bilete, så kårar vi ein vinnar etter påske som får ein premie, fortel Sæle. 

Salhus kyrkje vil også ringje inn helga kvar laurdag kl. 17, i ti minutt. 

 

PODCAST:  Vibeke Jacobsen les inn boka Påskefortellingen av Anselm Grün til ein podcast som er tilgjengeleg på heimesida og Facebooksida til Åsane meinigheit. (Foto: Arne Mulen)
PODCAST: Vibeke Jacobsen les inn boka Påskefortellingen av Anselm Grün til ein podcast som er tilgjengeleg på heimesida og Facebooksida til Åsane meinigheit. (Foto: Arne Mulen)
DRIVE-IN:  Parkeingsplassen til Åsane kyrkje er godt egna for drive-in gudstenesta fyrste påskedag.  Alteret er synleg også herifrå. (Foto: Arne Mulen)
DRIVE-IN: Parkeingsplassen til Åsane kyrkje er godt egna for drive-in gudstenesta fyrste påskedag. Alteret er synleg også herifrå. (Foto: Arne Mulen)

Av

Daniela Elvebakk Mala

daniela.elvebakk@aasanetidende.no

Andre saker