Lokalavis for Åsane og omegn!
  • Tenk kollektivt: – For med politisk målsetjing om at trafikkvekst i byområda må takast med kollektiv, sykkel eller gonge, må me avvisa Vegvesenet sitt ønskje om å ikkje regulera inn kollektivfelt, skriv Vidar Sætre.

Debatt:

Ny E39 til Klauvaneset: tenk fleksibelt og kollektivt

Forståeleg nok er mange frustrerte over den manglande progresjonen for ny E39 til Klauvaneset. Men om enn det er kjedeleg at Vegvesenet er seine med å kvalitetssikra Samferdsdepartementet sitt siste kostnadsestimat (jf BA 14/1), må me framleis krevja kollektivfelt på ein ny firefelts-veg, skriv Vidar Sætre.

For med politisk målsetjing om at trafikkvekst i byområda må takast med kollektiv, sykkel eller gonge, må me avvisa Vegvesenet sitt ønskje om å ikkje regulera inn kollektivfelt. Dessverre svikta politikarane då dei gav etter for Vegvesenet i å ikkje regulera inn kollektivfelt på det nya Sotrasambandet. 

Difor er KrF-politikar Harald Berge Breistein sine signal i ÅT 23/12 om at hastverk er viktigare enn kollektivfelt på nye E39, svært lite tillitvekkjande. No er rett nok tida til neste NTP-rullering knapp, men å bøya kne for Vegvesenet betyr i dette tilfellet å svikta den viktige målsetjinga om å dempa biltrafikken. 

I sist høyringsrunde føreslo eg å dela planarbeidet for Arna-Klauvaneset i to, for å kunna planleggja ferdig den nordre delen so snøgt som råd. Men Vegvesenet avviste dette.  Og no ser me resultatet: forseinka planprosess. 

Når da gjeld traséval, bør me sjå at E16/E39 Arna-Klauvaneset handlar om tre ulike trafikkstraumar: a) mellom sentrale Åsane og Arna, b) mellom sentrale Åsane og nordaustre Åsane/Nordhordland, og c) trafikk mellom Arna og nordaustre Åsane/Nordhordland.  Trafikkstraum c) skal altso ikkje innom sentrale Åsane, og kan derfor med fordel gå utanom Vågsbotn/Birkeland, der Vegvesenet no ønskjer eit gigantkryss basert på sin firkanta tankegang om at E16 og E39 må gå i same trasé. 

For Vegvesenet sto difor valet berre mellom å utvida dagens motorveg forbi Blinde til fire felt, eller å leia all europavegtrafikk gjennom Eikåstunnelen. Men det vil vera meir fleksibelt å splitta E16 og E39 til dømes ved Gaupåsvatnet slik at E16 går i dagens trasé forbi Blinde, og samtidig byggja ny E39 frå sør til Eikås motorsenter for trafikk som ikkje skal til/om Midtbygda. Og med ei slik løysing hastar det ikkje å utvida dagens trasé forbi Blinde, og ny E39 til motorsenteret treng berre to felt grunna forholdsvis lite trafikk direkte mellom Arna og nordaustre Åsane/Nordhordland. 

Vidar Sætre meiner KrF bør halda fast på kampen for jordvern og ikkje gje opp kampen  for trasé utanom jordbruksområda ved Blinde og Vågsbotn.

Vidare inneber høg fartsgrense slik den nyaste vegnormalen krev, unødvendig areal til kryss med på- og avkøyringsfelt, og i det heile gjev innsnevra trasé-moglegheiter. Og høg fartsgrense legg til rette for auka privatbiltrafikk. Men me må sansa oss på at føremålet med ny E39 til Klauvaneset bør vera å flytta trafikken vekk frå lokalmiljøa ved dagens Steinestøvegen, ikkje å leggja til rette for fri flyt av endå fleire bilar i høg fart. For bilismen er alt i alt ikkje berekraftig, grunna særleg høgt material- og energiforbruk, stort plassbehov, støy og fordi den bidreg til latskap. 

I reportasjen her i ÅT 16/9-20 les eg at høgare kostnadar og ikkje-prissette følgjer for nærmiljøet var hovudgrunnen til å vraka alle Eikås-alternativa til fordel for tras é om Blinde.  Dette betyr at jordbruksområdet i Blindheimsdalen og på Birkeland/Vågsbotn er lite verdsett. Elles forstår eg ikkje kva nærmiljø-ulemper som vil vera større for trasé om Eikås motorsenter og vestsida av Haukåsvatnet, enn å leia all trafikken om Vågsbotn.  For i sistnemnde tilfelle vil ny firefelts-veg i dagen ved Arnavegen-Birkeland-Vågsbotn-Krosslia inkludert nytt storkryss, kunna høyrast tydeleg både frå Vikaleitet/Eikåsen og Langarinden, samt vera i konflikt med fleire bustadhus. Medan Eikåsalternativa berre treng koma i konflikt med motorsenteret og kan truga elvemusling ved Haukåsvatnet.    

KrF bør difor halda fast på kampen for jordvern og ikkje gje opp kampen for trasé utanom jordbruksområda ved Blinde og Vågsbotn (jf repotasje 20/11-19), og bør også få følgje av dei andre partia.   

Og med tanke på neste NTP som skal vedtakast av Stortinget før sommarferien, ser eg nok eit døme på kor gigantiske vegambisjonar kan vera ei hindring for å realisera meir moderate og avgrensa prosjekt. I mitt siste høyringsinnspel føreslo eg ei løysing med eigen busstrasé på dagens vef om Vikaleitet som går vidare på ny veg som koplar seg på ny tofelts Vetentunnel som startar nede ved Haukåsvatnet, og slik kan gje samanhengande reserverte felt mellom Vikaleitet og Klauvaneset, der mesteparten av Vetentunnelen blir ein firefelts-tunnel (i to løp) med to felt reservert for buss og annan særleg nyttetrafikk, og to felt for trafikk som kan reknast som mindre nyttig. 

Førebels har Vegvesenet avvist denne løysinga fordi den ikkje følgjer vegnormalen sine standardkrav til eit effektivt og lettfatteleg trafikksystem, om enn heldigvis ikkje avvist det heilt. Men når ‘effektivt’ i praksis betyr høg fart som favoriserer privatbilen framføre kollektiv, trur eg planleggjarane etterkvart må møta seg sjølve i døra, grunna trafikkmengder som dei fleste vil sjå skaper fleire samfunnsproblem enn dei løyser.

Andre saker