Lokalavis for Åsane og omegn!
  • VARME I TUNGE TIDAR: Det at mange har tilbode seg å hjelpe andre med handel eller andre ærend, er så utruleg godt å sjå.

KOMMENTAR:

Koronaviruset spreier ikkje berre frykt, men også varme og medmenneskelegdom

I ei tid prega av koronavirus, dei strengaste restriksjonane frå staten sidan krigen og trøblete økonomiske tider ingen veit når vil ende, er det godt å sjå at det også er mykje varme og medmenneskelegdom der ute.

Isolasjon og karantene har gjort at nordmenn over heile landet ikkje har kunna gå på jobb, skule eller på butikken på fleire veker. For dei som ikkje har nær familie eller vener i nærleiken av seg, har det til tider vore vanskeleg å få mat i hus. 

Det at mange har tilbode seg å hjelpe andre med handel eller andre ærend, er så utruleg godt å sjå. Det er til og med oppretta eigne grupper på sosiale medier der folk kan be om, og tilby hjelp.

Når så mykje er usikkert og uvisst, i det som best kan beskrivast som ein unntakstilstand, varmar det å sjå at det finnes hjelp å få. Det er menneske som bryr seg, og som orkar å bruke tid på dei som akkurat no har fått nokon utfordringar dei ikkje heilt veit korleis dei skal handtere.

Lærarstudentar har tilbode seg å hjelpe skuleelevar gratis, psykologar poster at folk kan ta kontakt ved behov for ein prat, matleverandørar som normalt berre leverer til bedriftsmarkedet har opna for private kundar, eigedomsmeklarar tilbyr seg å handle inn for dei som ikkje kan det sjølv, og folk hjelper kvarandre med å finne ut av alt frå korleis ein kan få tida til å gå, anten ein har barn heime eller ikkje, til kva rettar ein har rundt permittering og korleis ein kan kome seg til Haukeland for testing av korona når ein er i isolasjon.

La att rebusløype i skogen

I ei gruppe på Facebook kom eg over ei på Hylkje som hadde lagt ut ein post om at ho har laga ei rebusløype i skogen, og at dei som ville, kunne sende ho svaret når dei hadde løyst den. 

Då eg tok kontakt for å høyre kvifor ho laga den, meinte ho ganske enkelt at den hadde ho laga til sonen sin, men tenkt at den like godt kunne hengje att til andre også.

Eg synes det er fantastisk å sjå alle desse døma på korleis vi hjelper kvarandre når nauda er stor. Derfor har eg eit håp og eit brennande ynskje om at dette held fram, også etter at staten lettar på restriksjonane. At vi kan halde fram med å vere medmenneske og vere der for kvarandre.

At vi held fram med å tenkje litt ekstra på dei rundt oss, også når kvardagen kjem tilbake.

For mange er nemleg kvardagen mykje skumlare enn koronaviruset

Av

Daniela Elvebakk Mala

daniela.elvebakk@aasanetidende.no

Andre saker