Lokalavis for Åsane og omegn!
  • FORVIRRA: At fleire tek sykkelen fatt slik tilstandane er no, det tvilar eg sterkt på, skriver ÅT på leierplass. (Illustrasjonsfoto)

Eit brutalt og forvirrande møte med sykkelbydelen Åsane

Når du skal rekke jobb, barnehagen eller fotballtreninga, så er den dårlege tilrettelegginga faktisk eit så irriterande problem at du ikkje gidd å ta sykkelen, det er mykje lettare og effektivt med bil.

I mai måtte bilen på verkstad. Der fekk eg beskjed om å køyre minst mogleg til dei kunne fikse det som måtte fiksast. Ei problemstilling dei fleste med bil er godt kjend med, det er tross alt ikkje uvanleg å måtte vente litt på ein verkstadtime. Men i desse koronatider er det ikkje like lett å byte ut bil med buss. Eg kunne sjølvsagt ta bussen, den går ofte nok, og det er som regel plass, men sidan eg tross alt ikkje måtte, tenkte eg at eg skulle la vere. Eg har jo ein el-sykkel ståande, og ni kilometer er jo ingenting på el-sykkel. Så eg sjekka ut kart dagen før, og la i veg med godt mot. Lite visste eg kva som skulle møte meg.

Sjølv om eg kjenner vegen eg skulle sykle relativt godt, eg har jo køyrt store delar av den mange gonger, og eg hadde sjekka kart på førehand, var eg lite førebudd på det helvete som venta meg. Eg snakkar opp og ned av asfaltkantar, lite eller ingen skilting, busspassasjerar som ventar på bussen midt på fortauet som ikkje flyttar seg når du kjem, fotgjengarar med lydtette øyreklokker som ikkje høyrer deg, fotgjengarovergangar som minner meir om vaskebrett enn veg, smale og uoversiktlege fortau i bratte bakkar og fortau som brått sluttar i fjellvegg eller plutseleg held fram på den andre sida av gata.

No skal det seiast at ved å sykle litt saktare dei plassane eg plutseleg blei litt usikker på kvar det var best å sykle for å kome meg dit eg skulle, så fant eg fram. Om det var den beste og raskaste vegen eg sykla heile den veka, veit eg framleis ikkje. Eg har mine tvil. Men eg veit at då eg skulle ut for å lage sak, måtte eg stoppe fleire gonger for å sjekke kartet eg hadde funne på førehand.

Og om du trur eg berre er håplaus til å finne fram, så bekrefta ein samtale med leiar i Åsane CK, Geir Iden, at det er vanskeleg å finne fram på sykkel i Åsane. For du veit det står dårleg til med sykkeltilrettelegginga, når du vert utfordra til å finne fram til eit område du veit kor er, men likevel ikkje trur du kjem til å klare det. Iden, eg tek utfordringa! Neste veke skal eg prøve å sykle på gang- og sykkelveg frå Åsane senter til Flaktveit utan å sjå på kart.

Løysinga for mange er sjølvsagt å sykle i vegen, men det er ikkje for alle. Og mange vil kanskje meine at det ikkje er eit så stort problem å sykle på fortauet. Men når du skal rekke jobb, barnehagen eller fotballtreninga, så er den dårlege tilrettelegginga faktisk eit så irriterande problem at du ikkje gidd å ta sykkelen, det er mykje lettare og effektivt med bil. Ikkje berre sparar du tid, men du sparar også deg og dei rundt deg, for eit sinne og ein frustrasjon ingen er tent med.

Og det er her problemet ligg. Bergen by har bestemt seg for å få fleire til å sykle i staden for å køyre bil som eit viktig tiltak i miljømåla sine.

Ironisk nok, så får eg ein pressemelding frå Vestland fylke der fylkesordførar Jon Askeland, seier dette: “Målet er at vi skal ha ingen vekst i personbiltransporten”. I den same pressemeldinga kjem det fram at nesten ingen gang- og sykkelvegar vert prioritert i Åsane i Miljøløftet 2021-2024. Med både ny idrettshall og kulturhus nesten ferdig, er redaksjonen derfor ekstremt spent på korleis kommunen og fylkeskommunen har tenkt å nå målet om ingen vekst i personbiltransporten i denne bydelen.

For at fleire tek sykkelen fatt slik tilstandane er no, det tvilar eg sterkt på.

Av

Daniela Elvebakk Mala

daniela.elvebakk@aasanetidende.no

Relaterte saker