Lokalavis for Åsane og omegn!
  • Tunnel frå Vågsbotn: Forslaget Statens vegvesen sender inn til Bergen kommune for politisk behandling, omfattar tunnel frå Klauvaneset til Vågsbotn.

Vraker Eikås:

Statens vegvesen ynskjer å leggje E39 i tunnel under Veten

– Det er ikkje den billigaste løysinga, men det er den som har færrast negative miljøpåverknadar i Åsane nord, seier fagansvarleg for veg og trafikk i Statens vegvesen, Olav Lofthus.

Statens vegvesen ynskjer å leggje E39 nordover frå Åsane i tunnel under Veten, med kryss i Vågsbotn og med firefelts veg gjennom Blindheimsdalen med tunnel før Gaupås til Arna.

– Det er ikkje den billigaste løysinga, men det er den som har færrast negative miljøpåverknadar i Åsane nord, seier fagansvarleg for veg og trafikk i Statens vegvesen, Olav Lofthus, under eit digitalt folkemøte om Vegvesenet sitt forslag til kommunedelplan torsdag kveld. 

Vidare fortel Lofthus og Lilli Mjelde, som er planleggingsleiar, at løysinga dei ynskjer gjennom Blindheimsdalen er den som har minst negativ påverknad på jordbruksareal i området. 

– Vi anbefaler å lage firefelts veg gjennom dalen, men at den ekstra breidda i all hovudsak vert henta i fjellet, og ikkje frå jordbruksareal, seier Mjelde. 

Biletet under viser den kombinasjonen Statens vegvesen anbefalar politikarane å velje (Bilete: Statens vegvesen).

 

Har vurdert 21 kombinasjonar 

I sitt forslag til kommunedelplanen har Vegvesenet utgreia 21 ulike kombinasjonar av strekninga Arna-Vågsbotn-Klauvaneset. Av dei har dei altså kome fram til ei anbefaling, og fire andre alternativ dei kan akseptere. I sine vurderingar har dei balansert prissette og ikkje-prissette konsekvensar, og presiserer at dette er eit forslag som no skal opp til behandling politisk før det skal på høyring. 

– Vi vil berre presisere at karta i rapporten vi leverer til kommunen kan verke meir presise enn dei er. Vi har lagt inn omtrentleg rute, ein grov plan, som enno skal finjusterast med tanke på eigedommar. Men vi treng eit vedtak frå kommunen før vi kjem så langt, fortel Lofthus. 

Skrotar Eikås/Brurås 

Av dei 21 planforslaga Vegvesenet har vurdert, gjekk over ti av dei gjennom Eikås og/eller Brurås. Alle desse forslaga har Vegvesenet no skrota fordi dei vert for dyre, og har for store ikkje-prissette konsekvensar for nærmiljøet. Det vil seie at av dei fire alternativa Vegvesenet seier dei kan akseptere, går ingen av dei gjennom Eikås/Brurås, men gjennom Blindheimsdalen. 

 

Elles opplyser dei om at det er uaktuelt med noko anna enn firefelts veg på grunn av trafikkmengda og lovverket som gjeld, men at det enno er usikkert kva fartsgrensa vert, men mest sannsynleg vert det 90 eller 100 kilometer i timen. 

 

Alle dokument og rapportar er tilgjengelege på nett på Statens vegvesen sine sider.  

Av

Daniela Elvebakk Mala

daniela.elvebakk@aasanetidende.no

Andre saker