Lokalavis for Åsane og omegn!
  • Advokat Steinulf Tungesvik, HLT Advokatfirma slår tilbake mot Bjørkås og Hauge i Sameiet Elvebredden 1 i dette innlegget.

Trist desinformasjon om utbygginga på Myrdal

Dei to eldre herrane Bjørkås og Hauge i Elvebredden bak Horisont er litt for høge og mørke i eit innlegg i Åsane Tidende 6.1.21 om utbygginga til Berge Sårheim og om lokaldemokratiet i Bergen. Derfor får dei eit kort svar.

Berge Sårheim vaks opp i gardshuset i Myrdalsvegen 147, som står så fint i sola på biletet som følgde lesarinnlegget. Garden er no borte, bl.a. pga. dei nybygde blokkene innsendarane bur i. Han er ingen spekulant men ein lønsmottakar som gjennom sitt heileigde selskap «Arenabygg AS» ønskjer å få litt igjen for resten av gardseigedomen i ei ny form, og gje noko tilbake til bydelen ved bl.a. å byggje støttefunksjonar til idrettsanlegga.

Kommunen har heile tida støtta prosjektet, også ved å vedta dispensasjonen for å samordna varelevering og bosshandtering med den som allereie er bygd for Åsane Arena. Men feilinformasjon i klagen frå dei to herrane førte til at byutviklingskomiteen kom i skade for å omgjere og fatte eit ugyldig vedtak. No skal det behandlast på nytt, og vi vonar at Åsane og Myrdal får dei goda prosjektet representerer. Det er inngått avtale med Åsane Arena om snarast å få på plass 120 underjordiske P-plassar i Myrdalsvegen 147 som idretten skal benytte, og bygget vil kome nokre år etter det.

Påstandane til innsendarane om trafikkfare, tungtrafikk og blanding av bilar og fotgjengarar er med respekt å melde «alternative fakta» som det heiter over there. Løysinga blir langt tryggare enn dagens situasjon, og bygget vil ikkje krevje verken stor eller tung trafikk.

Etterslengen i innlegget om komplott, misbruk og dårleg lokaldemokrati er trist og forsøplande, og noko innsendarane burde vere for vaksne til. Underskrivne er advokat og arbeider med eigedoms- og byggesaker, denne gongen for Myrdalsvegen 147. Eg tar i tillegg av fritida mi som vara til bystyret, men er sjølvsagt pålagt av bystyrets kontor og advokatetiske reglar aldri å delta i avgjerda av saker som politikar som eg samstundes arbeider med i yrket. Eg sit heller ikkje i byutviklingskomiteen.

Relaterte saker