Her protesterer Eidsvåg-bebuarane mot minilokk-alternativet
– Forslaget om minilokk er nok gjort som eit forsøk på å lytte til oss, men det er fullstendig skivebom, meiner fleire engasjerte Eidsvåg-bebuarar.
Omtrent 30 personar har møtt opp i ein protestaksjon i Eidsvåg der dei viser sin motstand til innstillinga frå utval for miljø- og byutvikling som ønskjer å leggje motorvegen over Norturatomta med eit minilokk.

Innstillinga kan du lese meir om her:

– Dette er ein tragedie for kulturvernet i Åsane, seier leiar for Åsane historielag, Marianne Herfindal Johannessen til ÅT.
Ho har møtt opp på protesten i Eidsvåg og meiner innstillinga er ellevill.
– Dei flytter problema frå Sandviken til Eidsvåg for å redde Sandviken. Det er ellevillt og øydeleggjande for Eidsvåg, meiner Johannessen.
Tidlegare i dag publiserte ÅT ein artikkel om Øvre-Eide Gård som meiner dei vil måtte leggje ned drifta dersom innlegget vert realitet.
– Det seier seg sjølv at vidare drift ikkje vil gå når du får støy og støv frå 35.000 bilar eller meir klin inntil garden, sa gardseigar Arild Nydegger Øvre-Eide til ÅT.
Hele saken kan du lese:
Også Øvre-Eide er med på protesten i Eidsvåg.
