Lokalavis for Åsane og omegn!
  • AKSJONER: Daglig i  to måneder planlegger aksjonistene å stenge E39, Steinestøveien. (Arkivfoto: Erik Madsen)

Stenger E-39 hver dag i to måneder

Oppfordrer til to måneder lang aksjon i Steinestøveien.

Flere personer går nå ut og oppfordrer til gå sakte-aksjon fra mandag 19. april til 19. juni. De ber alle som bor i området om å gå over fotgjengerfeltet mellom Haukås og Hylkje hver eneste dag mellom klokken 12 og 13.

Dette i protest mot regjerningens vraking av Ringvei Øst i NTP.

I en epost sendt til en rekke politieks partier, aviser, politiet og NRK, oppfordes folk på strekningen om mellom Haukås og Hordvik å markere sin misnøye med vrakingen i NTP ved å ta i bruk sin rett til å krysse veien på de to eneste lyskrussene i området mandag til og med fredag i to måneder. Det presiseres at utrykningskjøretøy vil få prioritet og at smittevernstiltak vil bli fulgt.

Det er Jørund Vandvik og Roy Heggelund som har sendt ut eposten.

De skriver følgende:

Bebuarar i Åsane nord «stenger» E39 kvar dag i 2 månader, i protest mot regjeringa sitt forslag til NTP

Regjeringa si manglande prioritering av strekninga Vågsbotn til Klauvaneset opprører folk som bur i og ferdast gjennom området nord i Åsane.

På vegen mellom Vågsbotn og Klauvaneset har 15 personar mista livet sidan Nordhordlandsbrua opna i 1994.

Den daglege trafikkmengda har auka frå 7.000 bilar til over 20.000 bilar, på ein veg som stykkevis er under 6 meter brei.

På 3 kilometers lengde er det 25 uregulerte avkjørsler, som dagleg skaper farlege situasjonar.

Utan tunnel forbi området vil meir enn 1 person bli hardt skadd eller døy kvart år, ifølge Statens Vegvesen sin eigne utrekningar.

Tunnel forbi området er eit av dei mest samfunnsøkonomisk lønnsame prosjekta i Statens Vegvesen si portefølje.

Likevel har Solberg regjeringa vraka strekninga i forslag til Ny Nasjonal Transportplan.

Dette finn folk seg ikkje lenger i.

Folk på strekninga mellom Haukås og Hordvik vil difor markera si misnøye ved å «stenga» E39 i to månader frå 19. april til 19. juni, fram til NTP skal vedtakast i Stortinget.

Alle parti seier at denne vegstrekninga er viktig å prioritera, men ingen har så langt makta å gjera det i praksis. Det er folk sitt håp at partia nå brukar tida fram til endeleg Stortingshandsaming av saka fornuftig, og får lagt denne vegen inn i første periode av Nasjonal Transportplan.

«Stenginga» skjer ved at folket tar i bruk sin rett til å kryssa vegen på dei to einaste lyskryssa i området mellom klokka 1200 og 1300, frå mandag til og med fredag.

«Stenginga» vil pågå frå 19. april til og med 19. juni.

Utrykningskjøretøy vil få prioritet, og alle smittevernråd vil bli følgde.

På vegne av bebuarar i Åsane Nord

 

 

Relaterte saker