Her kan du høyre aller fyrste episode av Åsanepodden!
Kvar fredag klokka 12 vil vi i Åsane Tidende publisere ein ny episode av Åsanepodden! Og fyrste episode kan du høyre her.
I fyrste episode får du vite meir om korleis sundagens ettermiddagstur kan gjerast litt ekstra givande når fylkesleiar for TV-aksjonen, Marthe Jansen fortel meir om årets innsamling.

SPENT: Marthe Jansen er spent foran søndagens tv-aksjon, hvor pengene som kommer inn går til å bekjempe barne-ekteskap. (Foto: Thomas Gangstø)
I episoden får du også høyre korleis film-regissør René Bjerregaard frå Breistein klarte å lage ein prisvinnande skrekk-triller for berre 130.000 kroner, og korleis verkelege hendingar i oppveksten til Bjerregaard inspirerte han til å lage filmen.
Om du har ris, ros eller gode tips til kven vi burde prate med i podkasten vår, send oss gjerne ein e-post eller melding på Facebook!

Mørk: Ifølgje Bjerregaard har sinne hans alltid vore litt mørkt. Å lage skrekk-trillarar fell derfor naturleg for han. (Foto: Daniela Elvebakk Mala)