Lokalavis for Åsane og omegn!
  • NYTT OG GAMMALT: I år kan du vera med på både nye og gamle juletradisjonar i Åsane! (Arkivfoto)

Høyr kvar du får julestemning i Åsane i år

Ein song blei til verdas minste julegate. Eit juletre blei til ein heil marknad. Og endeleg er pepperkakebyen tilbake i sin fulle glans. Om du ikkje har fått julestemning enno, er det berre å gle seg!

Dagens episode er sponsa av JC Interiør i Salhusvegen og Eidsvåg Auto.

Ønskjer du å få vite meir om sponsor- eller reklamemoglegheiter i pokasten? Ta gjerne kontakt med annonsøransvarleg Randi Mikkelsen.

I år er pepperkakebyen endeleg tilbake i fullt format! Arkitekt for byen, Rikke Strauss, har tatt turen inn i podkaststudio saman med senterdirektør Nina Schanche Nilsen for å fortelje om årets by, som dei håpar blir minst like stor som den var i 2019 før pandemien. Og sjølv om dei allereie er godt i gong og opnar byen i dag, har dei plass til fleire! 

TILBAKE: I år er pepperkakebyen endeleg tilbake i sin fulle glans (frå venstre: arkitekt for pepperkakebyen Rikke Strauss og direktør på Åsane storsenter Nina Schanche Nilsen). (Foto: Bjørnar Morønning)

For første gong nokon sinne blir det ein eigen julemarknad her i Åsane. Ifølgje kultursjef John Kristian Øvrebø må noko normalt arrangerast tre gonger før det blir ein tradisjon. Men i Bergen pleier det visst å halde med to! Vert julemarknaden ein ny fast og folkekjær tradisjon? Saman med sokneprest i Åsane menighet, Lars Petter Eide, fortel Øvrebø om korleis det at kulturhuset fant ut at dei ville ha eit juletre balla på seg og blei til ein heil marknad.

NY TRADISJON?: Då kulturhuset bestemte seg for å ha eit juletre i år, balla det berre på seg. Blir Åsane julemarked ein ny juleklassiker (Frå venstre: kultursjef  John Kristian Øvrebø og sokneprest i Åsane menighet Lars Petter Eide)? (Foto: Thomas Gangstø)

Då Cato Jensen skreiv ein sang om ein gut som skulle ønskje at det var ei julegate i Salhus til revyen, kasta bygda seg rundt og laga til. No, 25 år seinare, er det nok ikkje mange i Salhus som klarar å sjå føre seg ei jul utan opninga av verdas minste julegate. Men er den berre for Salhus-folket? Me har snakka med Jensen om kvifor julegata er så viktig for Salhus, han og så mange andre.

SALHUSPRESIDENT: For 25 år siden skreiv Cato Jensen ein song om ein gut som ønskja seg ei julegate i Salhus til revyen. Allereie same år kasta bygda seg rundt og laga til. (Foto: Thomas Gangstø)
SALHUSPRESIDENT: For 25 år siden skreiv Cato Jensen ein song om ein gut som ønskja seg ei julegate i Salhus til revyen. Allereie same år kasta bygda seg rundt og laga til. (Foto: Thomas Gangstø)

Av

Daniela Elvebakk Mala

daniela.elvebakk@aasanetidende.no

Andre saker