Frivilligheten står sterkt i Åsane
Ein æra er over i Åsane frivillighetssentral når leiar, Berit Gjerstad, avslører at 2022 er hennar siste år i sentralen. Samstundes arrangerer Lions Club Bergen Åsane sin julemarknad på Åsane storsenter, for sjuande år på rad.
Berit Gjerstad har leia Åsane frivillighetssentral sidan oppstarten for elleve år sidan. No tilbyr sentralen alt frå trimgrupper til yoga-grupper, syverkstad og kafear. Tilboda har blitt viktige for mange, men for Gjerstad er det snart på tide å takke av.
Ikkje alle gleder seg til jul. Men i år, som dei siste seks åra, gjer Lions Club Bergen Åsane ein stor jobb for å gjere jula litt betre for mange i Åsane. Dei har opna årets julemarknad, og vil der dele ut både julemat og julegåver til dei som treng litt ekstra hjelp i høgtida. Me har fått besøk av president i klubben, Per Olav Ulberget som fortel om tilbodet, og om kafeen og butikken på julemarknaden.