Lokalavis for Åsane og omegn!
  • KLAR: Både trenar Tore Johannessen og kantspelar Henrikke Kjølholdt er klar for å møte Molde i kveld. (Foto: Thomas Gangstø)

Åsanepodden:

30 samanhengande år i toppen

I 30 samanhengande år har Tertnes handball elite spelt i toppserien i Noreg. Men sesongen så langt i år har ikkje gått heilt slik klubben hadde tenkt og laget ligg faretruande nært nedrykksplass når snart halve sesongen er spelt. Men den trenden vil dei snu no.

Allereie i kveld ventar sterkt motstand, når Tertnes tek i mot Molde her i Åsane. Etter seks veker kamppause, meiner både trenar Tore Johannessen og kantspelar Henrikke Kjølholdt at det skal bli godt å kome i gong att.

Dei føler dei har brukt dei siste seks vekene godt, og at laget, trass skadar, skal ha gode sjansar til å sikre seg dei poenga dei treng i vinter for å sikre plassen på det høgste nivået også neste år.

 

Frå og med i dag vil ikkje Åsanepodden lenger kome ut på fredag, men på onsdagar klokken 15.

Av

Andre saker